Martin's Magazine


 

 The National Hymn

Gud signe vårt dyre fedreland

Words by Elias Blix

 

1.Gud signe vårt dyre fedreland, 
og lat det som hagen bløma. 
Lat lysa din fred frå fjell til strand 
og vetter for vårsol røma. 
Lat folket som brøder saman bu, 
som kristne det kan seg søma. 

2.Vårt heimland lenge i myrker låg,
og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud du i nåde til oss såg,
Din kjærleik oss ikkje gløymde;
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
Og ljos over landet strøymde.

3.Og Noreg det ligg vel langt i nord,
Og vetteren varer lenge;
Men ljoset og livet i ditt ord
Det ingen kan setja stenge.
Um fjellet er høgt og dalen trong,
Ditt ord heve då sitt gjenge.

4.So blømde vårt land i ljos og fred,
Det grodde so grønt i lider,
Men atter seig natt på landet ned
Med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
Og du lyste opp omsider.

5.Og morgonen rann, og mørkret kvarv,
Som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridomsarv
Og honom i trengsla trygde.
Du varna vårt folk og gav oss fred
Og landet med lov me bygde.

6.Vil Gud ikkje vera byggningsmann,
Me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
Kan vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss Gud så me kan bu
I heimen med fred og hyggja.

7.No er det i Noreg atter dag 
med vårsol og song i skogen. 
Om sædet enn gror på ymist lag, 
det brydder då etter plogen. 
Så signe då Gud det gode såd 
til groren ein gong er mogen. 

 MIDI-file Gud signe vårt dyre fedreland

 

Back to "The Tune"

Back to opening page